Hjartesmil

Tvillingvogn, Rijksmuseum, Vermeer-tårer og chocolate chip cookies

Våre to neste dagar i Amsterdam var vidunderlige. Eg var så glad for å vera der, og det smitta over på dei andre. Eg peika på plassar der tidligare versjonar av meg sjølv hadde overnatta, ete eplekake eller tatt bilder. Det me ikkje hadde fått gjort på interrail enda, var å gå på museum. Og eg lengta mot Rijksmuseum og Vermeer og Rembrandt, ei magnetisk dragning dit. Og det skal seiast, det er begrensa kor mykje ein får gjort i ein by i løpet av ein dag med to ungar og framleis ha det bra, det gjeld å finna balansen, så eg hadde følt meg litt nedslått av å kjenna at kanskje kom me oss ikkje dit i det heile tatt. Men me tok det i stadie; først pannekakefrukost, så trikken (spennande i seg sjølv) sørover og til Blender kafé, ein av mange kaféar i Amsterdam som er kombinert leikeplass/kafe/leikebutikk. Eit så vinnande konsept. I gåavstand derifrå var nemlig Rijksmuseum. Så når ungane hadde fått leika, bestilt kinderegg frå menyen og eg hadde kjøpt ein hinsides nydeleg og litt for dyr kjole til Saga (spesielt i slutten av turen, ehe), gjekk me målretta mot Rijksmuseum. Og me gjorde det! Edda sovna på vegen dit og Saga sat i vogna med fargeblyantar og teikna alle mulige slags greier. Så stod eg plutselig der framfor Vermeer-bildene som eg kun har sett på komprimerte bilder, og no var dei blanke og ekte og detaljrike og heilt utrulige og eg vart slått i bakken av kjensler. Rembrandt i all ære, men Vermeer. Som mala kvardagen på samme måte som eg ønskar å gjera det; med kvardagslig, vanlig detalj.

Me hadde billettar til den gigantiske Rembrandt-utstillingen, men der fekk eg berre angst. For mykje folk, for mørkt, det gjekk ikkje an å komma nære. Så me bestemte oss for at det  fekk vera nok, og gjekk ut i hagane og FEIRA. Me kjøpte is og øl, sprang gjennom fontena og leika på leikeplassen. Så glad kan ein bli for å klara noko så lite, med tvillingvogn.

Me sjekka så mange ting av lista; me shoppa på Laura Dols, gjekk opp og ned dei ni gatene, åt DET kjekset frå Lot Sixty One, kjøpte eit silkeskjerf til meg og samla fine butikkar og kaféar som eg skal laga ein liten guide av (trust me). På Marqt kjøpte me ein håndfull plater med Tony’s-sjokolade, også flaug me heim til Oslo der bilen vår på magisk vis (takk, tante Gry) stod på Gardermoen og venta på oss. Så køyrte me heim med to sovande og glade ungar i bilen, og det var enden på den visa.

Når eg ser på alle desse bildene og tenker på reisa me hadde så skjønnar eg nesten ikkje at det kan vera sant. Men eg er så glad for turen vår, for at me våga sjølv om eg ville feiga ut, for at me hadde det så fint saman som familie. Neste gong skal me reisa enda lenger!

Amsterdam, baby!

Så! Etappen eg hadde grua meg mest til, togturen som skulle ta sju timar og med eit togbytte inni der. Det er nesten flaut kor bra det gjekk og har gått med oss, folk spør med ei viss forventning om at det ikkje gjekk bra “korleis gjekk det?” og eg må berre SMILA av tanken. Det gjekk så bra.

Kva gjorde me i sju timar, spør du kanskje? Jo, me åt mat. Snacks. Spelte kort. Edda sov. Jostein las. Saga såg på barne-tv på telefonen min. Me laga klistermerkehistoriar, det er ein ting me har gjort lenge når me er på reis, for å begrensa mengden skjerm i løpet av ein reisedag. Eg kjøper klistermerker og ei ny lita notatbok, også klistrar me inn i boka og skriv ei historie med det. Denne handla om to kaniner som skulle få foreldrene sine på besøk. Veldig koselig aktivitet! Og perfekt suvenir frå turen.

Me levde jo eit luksustogliv, med første klasse og plassreservasjonar (fordi det jo var på jobb), men eg hadde gjort det på nøyaktig samme måte neste gong. Berre det å vita at me skulle sitta ilag og hadde plassar å gå til gjorde meg så mykje roligare. Me hadde eigen kupé på toget til Amsterdam, og dei gjekk rundt og tok bestillingar til kafévogna og delte ut sjokolade til alle på toget. Så fin togopplevelse. Saga og eg gjekk på eventyr til kafévogna og åt is, berre eg og ho, ho er ein fullverdig samtalepartner no og tek så mykje ansvar sosialt, det har vore eit eige eventyr i seg sjølv å få vera så mykje med ho og skapa interne vitsar og poeng.

Me hit the ground running, som dei seier. Sjekka inn på Airbnb og gjekk rett på middag, på B & A hummus bistro. Me bestilte deilige hummusgreier og drakk limonade og snakka med personalet om interrailing. Nabobordet hadde ein baby som Edda prøvde å kommunisera med. Sånt skjer ikkje når ein reiser vaksne åleine, då er ein i ei sånn boble. Med ungar så snakkar ein med ALLE og det er fantastisk.

Me stakk innom ein leikeplass på veg heim, det finst så mange av dei i Amsterdam, også VIPS så var det leggetid og natt (for alle). Følg med vidare for meir Amsterdam, me var der jo i tre dagar!

Lübeck

Toget frå København gjekk til Tyskland! Fem timar tok det, og det gjekk i eit jafs, for her skjedde det jo så mykje. Buss til Rødby, så ombord på toget som så køyrte rett på ferja, det var ein veldig spennande dag for ein 3-åring! Me hadde mindre enn eitt døgn i Lübeck, men me tok kvarandre i hånda på at me skulle maksa byen. Så det gjorde me. Det var wienerschnitzel og bratwurst på Ratskeller, ei springerunde på torget ved Mariekyrkja og marsipankaker på Niederegger (som for øvrig hadde eit veldig fint leikerom og bra stellerom!). Eg dusja livets dusj etter ungane hadde sovna, også la eg meg i mi single seng (låg på to rom med 4 enkeltsenger) og fryda meg over å få ligga åleine (den timen eg gjorde det før Saga klatra oppi til meg!).

Morgonen etter pakka me som gale og gjekk raskt mot togstasjonen. For då venta vår aller lengste reisedag!

Tusen takk forresten for all responsen eg har fått på denne reisa, det er jo heilt rørande kor mange som har fulgt med oss! Eg har tenkt å oppsummera litt etter eg har fått ut alle innlegg, og kanskje køyra spørsmålsrunde, kanskje fortelja om korleis me reiste (altså typ bagasje og pakking og utstyr og sånt til ungane), kanskje eg skulle ha delt heile ruta vår med togavgangar og nøyaktige overnattingar? Korleis vil de lesa om reisa meir omfattande? Kommenter gjerne om det♥

Og tre magiske dagar i København

Frå Halmstad tok me toget vidare til København. Der hadde eg gjort det geniale å booka ein leilighet som var så fin at me aldri ville reisa derifrå OG me hadde vaskemaskin og tørketrommel (eit så bra interrail-triks, å få vaska alle klede ca halvvegs på reisa). I København levde me vårt beste liv. Me bestilte middagar på døra og ellers stoppa me ved alle Coffee Collective me kunne sjå (havreislatte ftw). Me holdt oss mest på Nørrebro, eit område me ikkje har utforska så mykje før. Sidan me kjenner København så godt var det ingenting me liksom MÅTTE få gjort, me var fornøgde med å berre vera saman i København og utforska og eta godt og gå innom annankvar leikebutikk. På dette punktet hadde me skjønt at forventningar er interrail sin største fiende. Den første frukosten i Gøteborg då eg var sur og stressa fordi situasjonen var kaotisk og ikkje som eg hadde sett for meg, den hadde forplanta seg. Og i København hadde eg blitt ein zen interrail-person (skal seiast at eg faktisk grein på veg mot togstasjonen då me skulle reisa frå København, fordi me måtte springa (las feil på kartet, gjekk av bussen for tidlig) og eg hadde verdens vondaste vannblemme på tåa, men uansett. Improvements!)

Me budde i denne leiligheten, der det var masse leiker og ein ribbevegg på soverommet. Me åt frukost på Møller, shoppa på Stilleben (eg hadde med bursdagspengar frå svigermor og svigerfar) og var mykje (mykje) i leikeparken i Nørrebroparken. Me besøkte Frøy som hadde masse leiker og Saga ville aldri reisa derifrå. Me fantaserte vilt om korleis det ville vore å bu i København, for ein draum. Berre at me har det så fint der me har det óg.

Så pagg me til Tyskland! Woho!


Så ein liten stopp i Halmstad!

Noko av det beste med å reisa på den måten me gjer no, er at det ikkje ligg så tung vekt på kvar plass me stoppar, og me får mulighet til å stoppa på plassar me ellers ikkje kunne reist eins ærend til. Ein sånn plass for meg var Halmstad. Eg har fulgt My Feldt og Feldts Bakeri på instagram i årevis, og har lengta mot å sitta der, i kaféen deira og drikka kaffi og peika på ting eg hadde lyst på. Til og med før me kom inn i lokalet høyrte eg stemma til My, som låg som ein trygg bærebjelke i rommet og passa på oss alle. Me kjøpte alt. Åt alt. Også huska me på huskene utanfor.

Alt med Halmstad var ikkje perfekt. Me budde på Grand Hotel som ikkje var så Grand lenger (eg ømmar sånn for det, når ei storhetstid er over og det merkast at det blir mimra mykje over det som var), me vart bortvist i døra på restauranten me hadde tenkt oss på og fann oss plutseleg sittande på ein veldig fin restaurant, mellom 60-årsfeiringar og first dates, med to ungar og langt etter leggetid. Da føler ein at ein har ei tikkande bombe i hendene. Me la dei ein og ein, og sat på golvet i gangen og slappa av mellom slaga.

Men det betyr ingenting. For me var ikkje der for å eta på restaurant og bu på det beste hotellet. Me var der for Feldts, og det var 100% perfekt. Me er jo ekstra interessert i bakeri akkurat no, som de kanskje har skjønt. Sjølv om det er jo for stort til å våga å prata om det. På vegen frå Feldts til togstasjonen snakka Jostein og eg om kreativitet, om kor frustrert eg er for tiden av å brenna inne med så mykje kreativ energi som ikkje får tid til å spela seg ut til sitt fulle potensiale. Det sit som ei blokkering i heile kroppen, og brenn til litt ekstra, som eit grep om lungene, når han eller andre spøkar om at det berre hadde vore fint å køyra på med tredjemann så fort som mulig. Det er dei samtalane me har hatt på tur, sånt som me ellers ofte ikkje finn tid til å prata om så ein føler at ein har prata ferdig. Så himla viktig å få gjera av og til, og fint å skapa sånne situasjonar der det er enklare, til og med nesten enkelt.

Så var me på togstasjonen. Med veska full av karamell og rabarbrabollar. Og då gjekk toget mot Danmark!

Alle mann ombord, vårt første stopp: Gøteborg!

Vår første togtur var på fem timar, og var på strekningen Oslo-Gøteborg. Me hadde plassreservasjonar på NSB Komfort og hadde det så fint heile vegen. Folka rundt oss tulla med ungane (alfa og omega!), me hadde med oss alle snacks i heile verda, det var ei vending machine i gangen som passa perfekt i min og Jostein sin approach til interrail-turen som eit togeventyr. Begge ungane sov, eg trur begge me vaksne sov, og sjølv om fem timar høyrest så utruleg lenge ut (Jostein og eg køyrer jo ikkje bil langt om dagen eingong, me ventar til kvelden så me kan legga dei i bilsetene sine) så gjekk det på eit blunk!

Og da var me framme. På beste Pigalle, mitt favoritthotell.

Me hoppa i hotellseng, slappa av, lot tiden gå. Åt dumplings til kveldsmat også is til dessert etterpå. Ein så fin første dag på reisa.

Gøteborg hadde veldig mange pluss for oss: God kaffi. Albert Åberg-huset (altså så fantastisk). Excellent shopping. Berre sjå kor fint me hadde det:

10/10 poeng for vårt første stopp! Etter to netter i Gøteborg gjekk toget vidare. Det får de straks høyra meir om!

CPH

Hei frå Europa! Coming to you from sunny Copenhagen. Edda og eg har stått opp, Saga og Jostein ligg framleis og søv, og sola stod nettopp opp over bygget på den andre sida av gata, eg ser nesten ikkje skjermen men det gjer ingenting. Interrailturen vår er no halvvegs, og mentalt driv eg allereie og oppsummerer og tenkjer på korleis me skal gjera det neste gong (det må vel vera eit bra tegn?). Det finaste med turen så langt er kor nær me kjem kvarandre som familie, og at eg lærer ting om ungane mine som eg kanskje allereie skulle visst. Då me kom inn i denne leiligheten, som har ein ribbevegg på barnerommet, klatra Saga heilt til topps på 0,4 sekund som om det var heilt sjølvsagt. For det gjer ho i barnehagen når dei kvar veke er i idrettshallen. Eg har begynt å gleda meg til sommarferien, når eg skal ha faktisk fri og me skal baka og plukka ugras og eta frukost ute og reisa på ei utflukt eller to.

Men altså, det er ikkje lett. Det er utrulig intenst å vera saman 24/7, både for vaksne og dei små. I går kveld krangla Jostein og eg om kva eg og han skulle eta til middag klokka halv ti på kvelden. Lågt blodsukker og vannblemmer will do that. Det eg meinar er at det er verdt det. Det er sånt som sveisar ein saman som familie, eg har tenkt så mykje på bilferiane eg hadde som born. Me reiste til Ungarn gjennom Danmark og Tyskland og Østerrike, stoppa når me var slitne og prøvde å finna overnatting. Søstra mi og eg hadde Furbies i baksetet og krangla så busta fauk.

Men det var så spennande å vera på eventyr, så gøy å oppleva noko annleis. Eg hugsar framleis smaken av eit Hawaii-ostesmørbrød (altså skinke og ananas), på ein tilfeldig småby i Tyskland der dei gamle bygga lente seg mot vegen og dama på det vesle hotellet me budde på heitte Renate (det same som søstra mi). Eg hugsar synet av mamma med føttene ut vindauget på motorvegen, at dei stoppa og sprang rundt for å bytta sjåfør, at me stoppa på bensinstasjonar og sprang inn for å sjekka kva spennande dei hadde.

No høyrer eg Saga frå soverommet “er det morgon?”. Og det er det jo. Me skal eta havregraut til frukost og leika på den store leikeplassen. Ha ein fin laurdag, alle saman!

Eit togeventyr

Neste veke skal me ut på litt av eit eventyr, heile familien Avdem/Øyre! Me skal nemlig på interrail! I samarbeid med Europarundt.no skal me toga oss nedover i Europa. Me bestemte oss for å køyra ein litt forsiktig variant, med ingen for lange togturar og ikkje tog kvar dag, men likevel kjem me til å få oppleva mykje fint og mykje nytt. Ungane våre er små, så sjølve reisingen er ikkje så gøy for dei, det er gøyast for dei å komma fram og leika, liksom. Og Saga veit ikkje eingong at leiligheten eg har booka i København er full av leiker og med eit stort leikestativ i bakgården!

Eg gler meg til å vera på reis, ein blir så innmari samansveisa av det. Me skal óg treffa venner på vegen, som eg syns er så himla fint, spesielt sidan eg egentlig hadde tenkt at denne typen reising ikkje passar for småbarnsfamiliar. Men no føles det så oversiktlig som det kan få blitt; eg fann ut ruta ved å sjekka forskjellige ruter i Google Maps, så booka Europarundt oss inn på dei toga me ville ha. Føles trygt at alle tog er booka for reisen og at me har plassreservasjon: togluksus. Me veit alle tog me skal ta og har booka alle overnattingar. Vårt siste stopp er Amsterdam, og der har Jostein aldri vore så eg prøver å ikkje skriva opp for mange ting på lista over sånt me MÅ gjera.

Oslo-Gøteborg-Halmstad-København-Lübeck-Amsterdam er ruta vår, og me tek veldig gjerne imot tips på alle stopp på ruta! Og også sjølvsagt sånt som kan vera lurt å ha med seg eller tenka på når ein reiser på togreiser med ungar?

Foto er frå @visitlubeck