Så! Etappen eg hadde grua meg mest til, togturen som skulle ta sju timar og med eit togbytte inni der. Det er nesten flaut kor bra det gjekk og har gått med oss, folk spør med ei viss forventning om at det ikkje gjekk bra “korleis gjekk det?” og eg må berre SMILA av tanken. Det gjekk så bra.

Kva gjorde me i sju timar, spør du kanskje? Jo, me åt mat. Snacks. Spelte kort. Edda sov. Jostein las. Saga såg på barne-tv på telefonen min. Me laga klistermerkehistoriar, det er ein ting me har gjort lenge når me er på reis, for å begrensa mengden skjerm i løpet av ein reisedag. Eg kjøper klistermerker og ei ny lita notatbok, også klistrar me inn i boka og skriv ei historie med det. Denne handla om to kaniner som skulle få foreldrene sine på besøk. Veldig koselig aktivitet! Og perfekt suvenir frå turen.

Me levde jo eit luksustogliv, med første klasse og plassreservasjonar (fordi det jo var på jobb), men eg hadde gjort det på nøyaktig samme måte neste gong. Berre det å vita at me skulle sitta ilag og hadde plassar å gå til gjorde meg så mykje roligare. Me hadde eigen kupé på toget til Amsterdam, og dei gjekk rundt og tok bestillingar til kafévogna og delte ut sjokolade til alle på toget. Så fin togopplevelse. Saga og eg gjekk på eventyr til kafévogna og åt is, berre eg og ho, ho er ein fullverdig samtalepartner no og tek så mykje ansvar sosialt, det har vore eit eige eventyr i seg sjølv å få vera så mykje med ho og skapa interne vitsar og poeng.

Me hit the ground running, som dei seier. Sjekka inn på Airbnb og gjekk rett på middag, på B & A hummus bistro. Me bestilte deilige hummusgreier og drakk limonade og snakka med personalet om interrailing. Nabobordet hadde ein baby som Edda prøvde å kommunisera med. Sånt skjer ikkje når ein reiser vaksne åleine, då er ein i ei sånn boble. Med ungar så snakkar ein med ALLE og det er fantastisk.

Me stakk innom ein leikeplass på veg heim, det finst så mange av dei i Amsterdam, også VIPS så var det leggetid og natt (for alle). Følg med vidare for meir Amsterdam, me var der jo i tre dagar!