Noko av det beste med å reisa på den måten me gjer no, er at det ikkje ligg så tung vekt på kvar plass me stoppar, og me får mulighet til å stoppa på plassar me ellers ikkje kunne reist eins ærend til. Ein sånn plass for meg var Halmstad. Eg har fulgt My Feldt og Feldts Bakeri på instagram i årevis, og har lengta mot å sitta der, i kaféen deira og drikka kaffi og peika på ting eg hadde lyst på. Til og med før me kom inn i lokalet høyrte eg stemma til My, som låg som ein trygg bærebjelke i rommet og passa på oss alle. Me kjøpte alt. Åt alt. Også huska me på huskene utanfor.

Alt med Halmstad var ikkje perfekt. Me budde på Grand Hotel som ikkje var så Grand lenger (eg ømmar sånn for det, når ei storhetstid er over og det merkast at det blir mimra mykje over det som var), me vart bortvist i døra på restauranten me hadde tenkt oss på og fann oss plutseleg sittande på ein veldig fin restaurant, mellom 60-årsfeiringar og first dates, med to ungar og langt etter leggetid. Da føler ein at ein har ei tikkande bombe i hendene. Me la dei ein og ein, og sat på golvet i gangen og slappa av mellom slaga.

Men det betyr ingenting. For me var ikkje der for å eta på restaurant og bu på det beste hotellet. Me var der for Feldts, og det var 100% perfekt. Me er jo ekstra interessert i bakeri akkurat no, som de kanskje har skjønt. Sjølv om det er jo for stort til å våga å prata om det. På vegen frå Feldts til togstasjonen snakka Jostein og eg om kreativitet, om kor frustrert eg er for tiden av å brenna inne med så mykje kreativ energi som ikkje får tid til å spela seg ut til sitt fulle potensiale. Det sit som ei blokkering i heile kroppen, og brenn til litt ekstra, som eit grep om lungene, når han eller andre spøkar om at det berre hadde vore fint å køyra på med tredjemann så fort som mulig. Det er dei samtalane me har hatt på tur, sånt som me ellers ofte ikkje finn tid til å prata om så ein føler at ein har prata ferdig. Så himla viktig å få gjera av og til, og fint å skapa sånne situasjonar der det er enklare, til og med nesten enkelt.

Så var me på togstasjonen. Med veska full av karamell og rabarbrabollar. Og då gjekk toget mot Danmark!