Europarundt.no

Europarundt.no

Eit togeventyr med heile familien

Hjartesmil

Eg heiter Mariell, eg er 32 år, og eg er fotograf, gründer, forfattar og redaktør. Våren 2019 var jeg på Interrail med familien min!

Eit togeventyr

Neste veke skal me ut på litt av eit eventyr, heile familien Avdem/Øyre! Me skal nemlig på interrail! I samarbeid med Europarundt.no skal me toga oss nedover i Europa. Me bestemte oss for å køyra ein litt forsiktig variant, med ingen for lange togturar og ikkje tog kvar dag, men likevel kjem me til å få oppleva mykje fint og mykje nytt. Ungane våre er små, så sjølve reisingen er ikkje så gøy for dei, det er gøyast for dei å komma fram og leika, liksom. Og Saga veit ikkje eingong at leiligheten eg har booka i København er full av leiker og med eit stort leikestativ i bakgården!

Eg gler meg til å vera på reis, ein blir så innmari samansveisa av det. Me skal óg treffa venner på vegen, som eg syns er så himla fint, spesielt sidan eg egentlig hadde tenkt at denne typen reising ikkje passar for småbarnsfamiliar. Men no føles det så oversiktlig som det kan få blitt; eg fann ut ruta ved å sjekka forskjellige ruter i Google Maps, så booka Europarundt oss inn på dei toga me ville ha. Føles trygt at alle tog er booka for reisen og at me har plassreservasjon: togluksus. Me veit alle tog me skal ta og har booka alle overnattingar. Vårt siste stopp er Amsterdam, og der har Jostein aldri vore så eg prøver å ikkje skriva opp for mange ting på lista over sånt me MÅ gjera.

Oslo – Gøteborg – Halmstad – København – Lübeck – Amsterdam er ruta vår, og me tek veldig gjerne imot tips på alle stopp på ruta! Og også sjølvsagt sånt som kan vare lurt å ha med seg eller tenka på når ein reiser på togreiser med ungar?

Foto er frå Visitlubeck