Europarundt.no

Europarundt.no

Eit togeventyr med heile familien

Hjartesmil

Eg heiter Mariell, eg er 32 år, og eg er fotograf, gründer, forfattar og redaktør. Våren 2019 var jeg på Interrail med familien min!

Rijksmuseum og chocolate chip cookies

Våre to neste dagar i Amsterdam var vidunderlige. Eg var så glad for å vera der, og det smitta over på dei andre. Eg peika på plassar der tidligare versjonar av meg sjølv hadde overnatta, ete eplekake eller tatt bilder. Det me ikkje hadde fått gjort på interrail enda, var å gå på museum. Og eg lengta mot Rijksmuseum og Vermeer og Rembrandt, ei magnetisk dragning dit. Og det skal seiast, det er begrensa kor mykje ein får gjort i ein by i løpet av ein dag med to ungar og framleis ha det bra, det gjeld å finna balansen, så eg hadde følt meg litt nedslått av å kjenna at kanskje kom me oss ikkje dit i det heile tatt. Men me tok det i stadie; først pannekakefrukost, så trikken (spennande i seg sjølv) sørover og til Blender kafé, ein av mange kaféar i Amsterdam som er kombinert leikeplass/kafe/leikebutikk. Eit så vinnande konsept. I gåavstand derifrå var nemlig Rijksmuseum. Så når ungane hadde fått leika, bestilt kinderegg frå menyen og eg hadde kjøpt ein hinsides nydeleg og litt for dyr kjole til Saga (spesielt i slutten av turen, ehe), gjekk me målretta mot Rijksmuseum. Og me gjorde det! Edda sovna på vegen dit og Saga sat i vogna med fargeblyantar og teikna alle mulige slags greier. Så stod eg plutselig der framfor Vermeer-bildene som eg kun har sett på komprimerte bilder, og no var dei blanke og ekte og detaljrike og heilt utrulige og eg vart slått i bakken av kjensler. Rembrandt i all ære, men Vermeer. Som mala kvardagen på samme måte som eg ønskar å gjera det; med kvardagslig, vanlig detalj.

Me hadde billettar til den gigantiske Rembrandt-utstillingen, men der fekk eg berre angst. For mykje folk, for mørkt, det gjekk ikkje an å komma nære. Så me bestemte oss for at det  fekk vera nok, og gjekk ut i hagane og FEIRA. Me kjøpte is og øl, sprang gjennom fontena og leika på leikeplassen. Så glad kan ein bli for å klara noko så lite, med tvillingvogn.

Me sjekka så mange ting av lista; me shoppa på Laura Dols, gjekk opp og ned dei ni gatene, åt DET kjekset frå Lot Sixty One, kjøpte eit silkeskjerf til meg og samla fine butikkar og kaféar som eg skal laga ein liten guide av (trust me). På Marqt kjøpte me ein håndfull plater med Tony’s-sjokolade, også flaug me heim til Oslo der bilen vår på magisk vis (takk, tante Gry) stod på Gardermoen og venta på oss. Så køyrte me heim med to sovande og glade ungar i bilen, og det var enden på den visa.

Når eg ser på alle desse bildene og tenker på reisa me hadde så skjønnar eg nesten ikkje at det kan vera sant. Men eg er så glad for turen vår, for at me våga sjølv om eg ville feiga ut, for at me hadde det så fint saman som familie. Neste gong skal me reisa enda lenger!